Jordpakking et stadig økende problem

Dyrk forskjellige sortar og arter og reduser risikoen

Avlingsvariasjonen frå år til år avheng blant anna av sorts og artsval. Kvar sort og art har sine eigne eigenskapar og dermed sin eigen variasjon. Difor kan du redusere risikoen ved å dyrke fleire arter og/eller sortar.

Avlinga varierar frå år til år, og avheng blant anna av sorts- eller artsvalet. Ved å dyrke ulike sortar eller arter av korn, reduserar du risikoen for eit år med stor avlingssvikt.
Etter som Trøndelag heller ikkje har blitt flatar og at det sannsynlegvis er like stor sjanse for mye nedbør på feil tid i vekstsesongen sjølv om vi har fått ny regjering, er det all grunn til å leite etter tiltak for å redusere variasjonen i avling frå år til år.

Basert på statistikken over levert bygg i Nord-Trøndelag for åra etter 2000, viser den skremmande stor variasjon i avling, sjå figur nr 1. Toppavlinga kom i 2008 med over 450 kg pr. dekar og botnåret i 2001- sesongen har berre 241 kg pr. dekar.  Berre seks av 13 år har gjennomsnittsavling over 350 kg pr. dekar.  Felles for dei fleste åra med lågt avlingsnivå, er mye nedbør i perioden 20. mai til 1. juli.  I figur 2 er det sett opp ein enkel samanheng mellom kornavling, nedbør og varmesum.

Sjølv om samanhengen ser ut til å vera god mellom mye nedbør og lågt avlingsnivå, har andre faktorar som gjødsling, sortsval, såtid, nedbørsfordeling, jordstruktur og varmesum kvar for seg og saman innverknad på avlinga. Ved sida av årsvariasjonen, kan det også vera stor variasjon mellom områder i Nord-Trøndelag, men som regel er det liten skilnad mellom dei viktigaste kornområda.  I denne artikkelen er derfor klimadata berre henta frå målestasjonen på Kvithamar i Stjørdal.

Endring i korndyrkinga

Utviklinga i korndyrkinga dei siste tretti åra er stor.  For tretti år kunne våronna på ein middels stor (3-400 dekar) korngard strekke seg ut over ein periode på 3 veker.  I dag kan våronna på same areal vera unnagjort på 3 dagar.

I gamle dagar kunne derfor avstanden i såtid i realiteten vera så stor at vekst og utvikling av kornet i prinsippet følgde 2-3 ulike vekstsesongar same år.  I dag fører kombinasjonen ein sort og liten avstand i såtid til at alt står og fell på «ein vekstsesong».

Flaks og uflaks

Fagleg dyktigheit har alltid vore viktig. Grovt sagt kan ein dele inn produsentane i tre, dei som alltid har gode avlingar, dei med gode avlinga i gode år og dei som nesten aldri får gode avlingar.  Flaks og uflaks vil over tid jamne seg ut, men uflaks er ein ny faktor med stor innverknad på avlinga.  Siste år hadde dei som sådde bygg med kort veksttid (Tiril, Brage og Heder) like før og etter 17. mai mest uflaks.  Nedbøren kom i store mengder på mest muleg ugunstig tidspunkt, og da går det alltid hardast ut over bygg på leirjord.  Ved sida av uflaks er det også ein faktor som er reell. Den lokale nedbørsvariasjonen er stor, men systematisk.  Det kjem nesten alltid mest i dei områdane som ligg litt innom Trondheimsfjorden.

At det i år ramma bygg med kort veksttid er tilfeldig, eit anna år kan nedbøren komme og ramme seint bygg like hardt, sjølv ein kanskje har litt større sjanse til å reparere dei verste utslaga i bygg med lengre veksttid.

Frå gamalt av er det kjent at det ikkje var lurt å legge alle egga i same korg. Det er all grunn til å ta det alvorleg og tenke gjennom om det ikkje er smartare å stille til start med fleire hestar. Alt for mange har gjort enkel val, og gjennom det stilt seg i ein sårbar situasjon. Den einside byggdyrkinga har mange konsekvensar, både avlingsmessig og for utnyttinga av avlinga.

I dag er fordelinga: 92-93 % bygg, 5-6 % havre 1-2 % kveite. Dersom fôrindustrien i Trøndelag hadde fått ei fordeling tilsvarande 80 % bygg, 10 % havre og 10 % fôrkveite, hadde utnytting i tillegg blitt betre. 

Tiril

I år er veldig mange skuffa over avlinga i Tiril. Noe kan kanskje vera ein følgje av at resistensen mot Grå augeflekk er svekka, men det kan på langt nær ikkje vera årsaken aleine. Sannsynlegvis er hovudårsaka at nedbøren i år kom på mest muleg tenkeleg ugunstig tidspunkt for Tiril.

For å bygge opp organisk materiale trengst vatn, luft, jordnæring og gode vilkår for plantevekst.  For mye vatn kan føre til tap av bl a nitrogen, anten i form av nedvasking frå rotsona eller som tap til lufta pga denitrifikasjon. Om mangelen på nitrogen er stor under danning av aksanlegget, blir resultatet små aks med få korn. Sjølv om det er muleg å sette inn tiltak i form av tilleggsgjødsling/delgjødsling, tyder mye på at sortar med kort veksttid har mindre «å gå på». I det ligg at sortar med rask utvikling berre er på rett stadium for aksdanning i ein kort periode, medan sorter med lengre veksttid har noe lengre tid til rådvelde for aksdanninga. Dermed har ein litt meir tid å gå på, for å få god nok effekt av delgjødsling/tilleggsgjødsling med nitrogen etter for mye nedbør i den kritiske perioden for danning av aksanlegg og buskingsskot.

Risikospreiing

Mot for mye nedbør på kort tid til feil tid, er det sikraste tiltaket å stille med fleire hestar til start. Ved å fordele produksjonen på tidleg og seint bygg, havre og vårkveite, får ein både vekstskifte og risikospreiing. Sjølv om alt blir sådd nokolunde samtidig, er aldri alt på same utviklingstrinn samtidig. Dermed blir ikkje konsekvensane av til dømes for mye eller lite nedbør like avgjerande for avlinga på garden og i Trøndelag.

Når det gjeld avlingsnivå, er aktuelle sortar i både havre og vårkveite fullt på høgde med bygg.  Og sjølv om krav til veksttid er ei utfordring i noen områder, vil ein strategi med å utnytte både bygg, havre og kveite vera med på å redusere variasjon i avlingsnivå frå år til år i store delar av dyrkingsområdet.

Avling og økonomi

Som det går fram av figur nr 3, varierar noverdien av byggavlinga, med same areal alle år, frå vel 165 til nesten 320 millionar. For å sikre framtida til trøndersk kornproduksjon er det berre ein veg framover. Avlingsnivået må opp og alt må gjerast for å redusere klimaeffekten.

Mottoet må bli: Det er betre ha dobbelt så stor avling på rot, som å ha halv avling i hus. Med dobbelt så stor avling, treng ein ikkje å hauste meir enn halvparten. Resten er rein bonus. I tillegg blir det dobbelt så artig.

 

 

 

 

 

Kommentarer