Overskot av norsk matkorn

Det blir overskot av norsk matrug i år, og det kan også bli overskot av matkveite. Det viser ei ny prognose frå Norske Felleskjøp.

Norske Felleskjøp har vedteke ny prognose for tilgang og forbruk av korn i sesongen 2014/2015. Prognosen er basert på kjende leveransar denne sesongen samanlikna med kjende leveransar på tilsvarande tidspunkt tidlegare år og endeleg leveranse dei same åra.

Prognosen gir ein samla tilgang til marknaden av 1 168 000 tonn korn og 11 000 tonn erter og oljefrø. Dette er om lag 15 % over gjennomsnittet for dei føregåande fem åra. Prognosen inneber ei justering på totalt 89 000 tonn i forhold til prognosen i september.

Prognosen er grunnlaget for tildeling av importkvote for mat- og fôrkorn som blir lagt ut for auksjon av SLF 14. november. Det blir foreslått import av 17 000 tonn matkorn, 6 000 tonn oljefrø og 112 000 tonn fôrkorn.

Så langt tilfredsstiller 55 % av kveiten krava til matkorn. Bakeprøver syner at i tillegg at bakeeigenskapane er svært gode for det norske kornet i år. Stor tilgang av matkorn saman med svak kvalitet på overgangslagera etter sesongen 2013/2014, gjer at det likevel kan bli eit overskott av matkveite i inneverande sesong. Det ligg i alle tilfelle an til eit overskott av matrug. Det er venta stor tilgang av matrug også neste sesong og overskott i år vil bli lagt ut for omdisponering til fôr.

Forbruket av kraftfôr til mjølk og storfekjøtt er venta å gå litt ned som følgje av store og gode avlingar av grovfôr i sesongen 2014.

Kommentarer