Vårens vakraste eventyr

No er vårfrisyren snart på plass hos dei fleste søyene, og lamminga nærmar seg. Målet da er så problemfri lamming som muleg og så livskraftige lam som råd.

I dei seinare åra har det vore mykje fokus på vitamin E-behov til søyer før og etter lamming. Det er ei tøff påkjenning for søya både den store fosterveksten (70% dei siste to månadene av drektighetstida) rett før lamming, sjølve lamminga  og mjølkeproduksjonen rett etter. Immunstatusen har godt av litt lettopptakeleg hjelp i den tida. I grovfôret er mykje av E-vitaminene forsvunne, så søya sitt behov for vitamin E og antioksidantar må dekkjast frå kraftfôr og eventuelt tilskottsfôr.

Forsøk har vist at syntetisk E-vitamin har låg virkegrad. For å få i søyene nok antioksidantar er E-vitaminmengdene høge i mjølkefôret. I tillegg er ein del av selenet organisk noko som har høgare opptak enn uorganisk selen. I tillegg til det er det tillsett ein antioksidantmiks som består av plantepolyfenoler som er tilpassa drøvtyggarar. Saman med råmjølka får da lamma forhåpentlegvis ein riktig god start på livet.

Drøv Mjølkefôr Sau

God mjølkeproduksjon hos søya er alfaomega for høg lammetilvekst om våren. Drøv Mjølkefôr Sau er sett saman for å gi høg mjøkeyting og optimale forhold i vomma. Det er ei energi- og proteinrik blanding som bør brukast frå om lag 6 veker før lamming til sauene blir sleppt ut på beite.

Behovet til søya aukar i takt med fosterveksten, og ikkje minst antal foster, samstundes som grovfôropptaket går ned på grunn av plassmangel. Det er sjølvsagt ein dårleg kombinasjon som ein må prøve å rette på med å spare det beste grovfôret fram mot lamminga og komplettere med eit meir konsentrert kraftfôrslag, som til dømes Drøv Mjølkefôr Sau.

Etter lamming trappast mengda opp med 100g/dag opp til 0,5 kg/lam, dvs. 1 kg til søyer med to lam og 1,5 kg til søyer med tre lam. Dersom ein skal opp på så store kraftfôrmengder for dagen bør det delast på minst to tildelingar pr dag.

Mjølkemengda blir bestemt mykje av holdet på søya ved lamming. Det grunnlaget er forhåpentlegvis lagt i løpet av vinteren – ikkje for tjukk, ikkje for tynn. Krevjande for mange av oss… God fôring etter lamminga bestemmer kor store lamma er når dei blir sendt til fjells. Det bør så godt det let seg gjera bli ein mjuk overgang til vårebeite med nedtrapping på kraftfôret og tilgang til grovfôret dei har vore vant til inne. Vomma har ikkje godt av for bråe endringar.

Lykke til i lamminga og med håp om at det til hausten kjem att mange store fine lam frå ein sommar i fjellet!

Kommentarer