Kan feitt frå raps erstatte palmeoljeprodukt i kraftfôret?

Palmeolje har dei seinare åra fått mykje negativt fokus på grunn av at delar av palmeoljeproduksjonen ikkje er bærekraftig. I tillegg har det vore mykje fokus på helsa til oss menneska i forhold til mengde og type feitt i dietten. I desse samanhengane har palmeolje fått eit svært negativt omdøme. Palmeoljen inneheld ein god del metta feitt i form av palmitinsyre (C16:0). Det er ei av dei metta feittsyrene som kan ha negativ effekt på vår helse.

Mange faktorar kan virke inn både på feittmengda og feittsyresamansetninga i mjølk. Bruken av feittkjelder i fôr som inneheld ein høg andel palmitinsyre er ein av mange faktorar som kan auke innhaldet av feitt i mjølka. Difor er ein type prosessert palmeolje med oppkonsentrerte mengder palmitinsyre i dag ei vanleg feittkjelde i kraftfôr til mjølkekyr.

Våren 2014 vart det store oppslag i media om bruk av palmeolje i kraftfôr til mjølkeku. På dette tidspunktet var Norgesfôr og TINE allereie i gong med forsøk for å undersøke alternativ til palmeoljeprodukta i kraftfôret til mjølkekyr. Dette arbeidet har resultert i ei masteroppgåve ved NMBU våren 2015.

Hos einmaga dyr som svin og fjørfe vil tilsetning av umetta feitt i fôret auke innhaldet av umetta feitt i produktet. På denne måten kan ein påvirke «kor sunt» eit produkt blir ved å tilføre ønska feittsyrer i fôret, til dømes auke innhaldet av omega-3-feittsyrer i kjøtet. Ved tilsetning av umetta feitt i fôr til drøvtyggarar vil mykje av det omdannast til metta feitt i vomma. Dette kan føre til at feittsyresamansetninga i mjølk ikkje blir meir umetta, og vil i mange tilfelle også redusere feittprosenten i mjølka på grunn av negativ påverknad på vommikrobene. For å unngå at dette skjer kan ein bruke noko vi kallar for kalsiumforsåping av feittet. Dette gjer i teorien at feittsyrene passerar direkte til tarmen utan å påvirke vommiljøet negativt. I tarmen kan dei takast opp, og i større grad overførast uendra til jur og mjølk.

Raps er eitt av få oljefrø som kan produserast i Norge. Rapsolje har ei gunstig feittsyresamansetning for menneskeleg konsum. Ikkje berre er feittet meir umetta, men det inneheld også meir omega-3-feittsyrer i forhold til mange andre vanlege planteoljer. Mastergradsforsøket som er gjennomført samanlikna bruk av kalsiumforsåpa rapsolje og prosessert palmeolje i eit kommersielt norsk mjølkeproduksjonsbruk med NRF. Forsøket varte i 4 periodar á 5 veker der alle dyr vart fôra med kraftfôr som inneheldt prosessert palmeolje i første og tredje periode og kalsiumforsåpa rapsolje i andre og fjerde periode. Det var fri tilgong til grovfôr under heile forsøket. Resultat på mjølkeyting og den kjemiske samansetninga til mjølka vart samanlikna.

Forsøket viste at dei ulike feittkjeldene ikkje påverkar grovfôr- og kraftfôropptaket hos kyrne. Ytinga var lik, men på grunn av ein vesentleg høgare feittprosent var antal kilo EKM høgare ved bruk av prosessert palmeolje. Proteinprosenten vart påviseleg redusert ved fôring med kalsiumforsåpa rapsolje i kraftfôret. Dette kan skuldast at kalsiumsåpa ikkje var stabil nok i vom, og at ein difor ikkje har oppnådd tilstrekkeleg beskytting av det umetta rapsfeittet.

Laktose i mjølk vart ikkje påverka under dette forsøket, men feittsyresamansetninga vart vesentleg endra. Ved fôring med prosessert palmeolje som tilsetning i kraftfôret var mengda palmitinsyre i mjølka vesentleg høgare enn ved bruk av kalsiumforsåpa rapsolje. Rapsoljen i fôret ga derimot auka innhald av oljesyre (C18:1), og det resulterte i meir umetta feitt i mjølka.

Forsøket viste at det er muleg å bruke kalsiumforsåpa feitt som erstatning for prosessert palmeolje i kraftfôr til kyr utan at ytinga blir påverka, men at det vil få betydelege konsekvensar for feitt- og proteininnhaldet i mjølka. Ein høg feitt- og proteinprosent i mjølka gir i dag god pris per liter mjølk til bonden. Forsøket syner difor at med det systemet vi har i dag vil det ikkje løne seg å bruke kalsiumsåper av umetta feittkjelder. Mjølka som vart produsert basert på rapsolje hadde også eit høgare innhald av umetta feitt, lågare innhald av palmitinsyre (C16:0) og høgare innhald av oljesyre (C18:1). Dette tyder på at ein får ei sunnare feittsyresamansetning på mjølka ved bruk av kalsiumforsåpa umetta feittsyrer i fôret, noko som kan bli aktuelt for framtida.

Kjelde: Lene Elise Dahl, Masterstudent ved NMBU

Kommentarer